For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Eidsborg er det største og lengstlevande produksjonsområdet for brynesteinar ein kjenner til, både i og utanfor Noreg.
Produksjonen av Brynestein frå Eidsborg har gått føre seg i opne dagbrot, og ved dei største steinbrota ligg det enorme skrothaugar (i Eidsborg kalla for uslehaugar) framfor og rundt hogstbrota.
Transporten ut gjekk i hovudsak på Telemarksvassdraget, og slik la denne verksemda grunnlag for ein rik handel og kontakt med omverda. Vest-Telemark Museum i Eidsborg har eiga temautstilling om brynestein.
Så lenge ein har hatt stål har ein hatt bruk for bryne, om det var til å kvesse opp ljå, sigd, nål, kniv, øks, piler eller spyd. Eidsborgbryne av lysegrå skifer eignar seg svært godt til dette. Den var også lett å drive ut og vart truleg snart ei etablert merkevare. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg også eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite i 1184.
Visste du at det er funne brynestein på New Foundland som dei meiner kjem frå Eidsborg, og som igjen stadfester norrøn busetnad i Amerika rundt år 1000? Brynesteinen frå Eidsborg er ei heilt særmerkt historie, og kan fortelje oss om handel, kontakt og hendingar langt attende i tid.
Utmarksressurs
Brynesteinen blei fyrst frakta med hest ned til Lastein bryggje på Dalen, og deretter rodd ned vassdraget eller køyrd med hest på isen og deretter skipa til utlandet og seld til god pris. Slik har brynesteinsbrota i Eidsborg heilt opp til nyare tid forsynt inn- og utland med god brynestein.
Eidsborgbryne vart tidleg etablert som ei fast vare i Nordsjø-handelen, og er i dag ei svært viktig kjelde innan arkeologien for å forstå handelsruter og samkvem frå til dømes vikingtid og mellomalder. Og stadig vert det gjort funn og nye analyser som gjev ny kunnskap.
Dei seinare åra har ein fått større forståing for kva innlandet og utmarksressursane hadde å seie for utviklinga som leidde fram til vikingtida, og seinare til framveksten av det nasjonale kongedømet. Utan jern, tjøre, brynestein, ull, horn, skinn og pelsverk ville ein ikkje hatt føresetnader for oversjøisk handel, hegemoni på havet eller militær makt.
Storskalaproduksjon
Ifylgje nyare forskning er det derimot ingen sikre funn av eksporterte eidsborgbryne før 800-talet. Dette kan kanskje tyde på at storskalaproduksjonen av bryne i Eidsborg byrja fyrst nokre få år etter år 800. Ein kan likevel ikkje sjå vekk frå at det har vore produksjon i Eidsborg før 800-talet, men så langt manglar ein sikre funn som kan bekrefte dette. Ut frå undersøkingane i danske Ribe og norske Kaupang ser det dermed ut til at brynesteinsproduksjonen i Eidsborg har starta ca.100 år etter utvinninga i Mostadmarka i Trøndelag.
Vest-Telemark Museum, Vestfold og Telemark fylkeskommune og interesseorganisasjonen Vikinger i Vestfold og Telemark inviterte i 2021 inn til det fyrste Eidsborgseminaret. Målet er at ein gjennom fleire seminar og artiklar kan få dekt heile perioden fra dei fyrste brynesteinane vart brotne ut og slipte til, truleg på 700-talet, og fram til den siste brynesteinslasta gjekk med båten ned Telemarksvassdraget i 1952.
Kor mange steinbrot som finst, er noko usikkert, men Vestfold og Telemark fylkeskommune er i gang med ei nærare kartlegging av steinbrotslandskapet i Eidsborg.
Frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg går det turstig opp til eit av brynesteinsbrota. Turen er tilrettelagd med skilting og informasjon undervegs.
Ta av frå E134 i Høydalsmo og følg så Fv 450 og skilting til Vest-Telemark museum, Eidsborg og Eidsborg stavkyrkje. Frå Dalen kjører du Fv 450 mot Høydalsmo. Sjå etter skilt til Vest-Telemark museum og Eidsborg stavkyrkje.
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Regionalt kulturhus i Bø med idrettshall, svømmeanlegg, konsert- og teatersal, kino,…
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Hogga er det øverste sluseanlegget i Telemarkskanalen. Herfra kan du seile til Dalen uten…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…